Det er ingen tvil om at bryllupsdagen er ein av dei verkeleg store dagane i livet. Sjølv om minnet av seremonien, festen og den flotte stemninga er noko som blir med dykk heile livet, er fotografi frå dagen herlege tilbakeblikk. 

Anten det er eit bilete av brura som gjer seg klar, då brudgommen ser brura for fyrste gong, eller når ein av foreldra held tale, er det minne som er verdt å bevare.

Dersom de er på utkikk etter ein bryllupsfotograf som kan fange øyeblikka frå heile dagen eller berre ein liten del av den, ta gjerne kontakt. 

Trykk på bileta under for å sjå!

20170812-_TLE1625.jpg

Portrett & vigsel

Dette er for dykk som ønskjer å ha bilete frå vigselen og dei “offisielle portretta” til bruk i takkekort og som skal henge på stoveveggen i åra framover. 


Pris: 12 500 NOK,-
Prisen er inkludert 25 % mva. Eventuelle reisekostnadar kjem utanom.


2 timar fotografering

(OBS: Denne kan ikkje bestillast før tidlegast 31. januar samme år.)

20160709-_TLE9376.jpg

Heildagsfotografering

Dette er løysinga for dykk som ønskjer å ha fotograf med heile dagen, frå førebuingar om morgonen til brudevalsen på kvelden. 
Her får ein foreviga dei små øyeblikka og den herlege stemninga.

Pris: 25 000,-
Prisen er inkludert 25 % mva. Eventuelle reisekostnadar kjem utanom.


10 timar fotografering

Ta kontakt